Tone Evant

Metatekst

I denne presentasjonsmappa har eg forsøk å vise noko av breidda i arbeida eg har gjennomført i løpet av norskstudiet. Ved første augekast kan det sikkert sjå ut som om det er ei klar overvekt av analysar, men det har ei naturleg forklaring. Eg føler at det å arbeide med ein analyse er ein veldig grundig måte å forstå norskfaget på. Norskfaget består av byggjesteinar, både i grammatikk og litteratur, og for meg er det svært interessant å snu på og undersøkje desse byggjesteinane.

Norskstudiet har gått over to år, noko som har vore ei veldig god løysing. Norsk er eit modningsfag og sjølv om eg tidlegare alltid har likt dette faget, oppdaga eg at nivået på ein høgskole naturlegvis er mye vanskelegare, og eg har ikkje tileigna meg kunnskapen like lettvint som tidlegare. Eg har jobba jamt og trutt over desse åra og håper at eg i denne presentasjonsmappa har klart å vise ein fagleg kompetanse, både i gruppearbeid og individuelle oppgåver.

Eg har også vore så heldig å få oppleve litt av korleis det er å vere lærar i norskfaget ute i skolen. Etter å ha undervist både i første klasse og sjuande klasse, som er to ganske store ytterpunkt, kan eg konkludere med at utfordringane stoppar ikkje med denne eksamenen. Dei verkelege utfordringane i norskfaget startar ikkje før ein sjølv står som lærar og skal freiste å vidareformidle noko av sin eigen lidenskap for faget. Sjølv om eg ikkje har presentert nokre direkte undervisningsopplegg i denne mappa, har eg også hatt min eigen refleksjon over arbeidet som norsklærar i grunnskolen, når eg har gjort utvalet.

I kriteria for presentasjonsmappa stod det at vi skulle leggje opp det vi sjølv syntest var vår beste tekst. Eg har i denne samanhengen valt å leggje opp oppgåva eg har kalla ”Ein sjølvvald aspekt ved romanen Forføreren av Jan Kjærstad”. Avgjerda om å leggje om ei relativ fri oppgåve i denne samanhengen er svært bevisst. Eg føler at eg på denne måten får vist fram både korleis eg skriv og korleis eg har evna til sjølvdisiplin i fagleg samanheng. Det er ei oppgåve som står hjartet mitt nær fordi eg hadde problem med å engasjere meg i denne romanen, og hadde lese så mye som ein tredel av boka før eg eingong kunne seie at eg liker den. Opplevinga det var å ha slite seg gjennom side etter side for så å oppdage at eg ikkje lenger klarte å leggje boka frå meg, er ein oppleving eg ikkje har hatt tidlegare. Dette fekk meg til å forstå kvifor det er så mange barn som ikkje les skjønnlitteratur og kor viktig det er å oppmuntre dei til å oppleve at det kan vere like spennande å lese som å spele dataspel eller liknande.

Den andre individuelle oppgåva eg har valt å presentere er ”Analyse av ikonoteksten i bildeboka Bak Mumme bor Moni”. Den representerer barnelitteraturen og gav meg ei god innføring i kva kriterium ein forhold seg til når ein skal vurdere kven som bør lese kva bøker. Dette var også første gongen eg arbeidd med POS[1]

Neste oppgåve, ” Fortellingen i nye medier - animasjonsfilm”, var også ei heilt ny oppleving for meg, sidan eg aldri har jobba med film før. Temaet om forteljinga i nye medium er ekstremt sentralt i norskfaget i vår tid. Akkurat som at elevane lærer å produsere tekstar i løpet av skolegongen, bør ein kanskje også gi dei sjansen til å produsere film. Ved å sjå samanhengen mellom litteratur og film vil dei kanskje forstå kor mye arbeid og bevisst tankegang som ligg rundt det mediet dei omgir seg med til dagleg, og venteleg også bli meir kvalitetsbevisste.

            ”Strukturalistisk litteraturanalyse” ser eg nok mest på som eit eksperiment. Denne typen analyse er for meg ganske inkjeseiande, men eg ynskte å ta den med for å vise det nære slektskapen mellom folkediktinga og den andre litteraturen. I tillegg var det også POS, ein skrivemetode eg er veldig fornøgde med og som eg også kunne tenkje meg å nytte meg av i grunnskolen.

Til sist i mappa har eg lagt ein karamell: ”Analyse av en elevtekst.” Dette er eit hypertekstdokument som eg må innrømme eg er enormt stolt av. Samarbeidet med oppgåva fungerte veldig godt og det er eit tema som gir meg veldig mye. Det å analysere ein elevtekst og reflektere over kva område elevane bør vidareutvikle seg innanfor, kjennast for meg som sjølve kjernen i norskfaget. Eg har alltid vore glad i å skrive sjølv og det å lære å gi tilbakemeldingar til elevane utan å drepe skrivegleda er ei utfordring eg gjerne tek. Eg har dessverre ikkje fått sjansen til å gi tilbakemelding på elevane sine tekstar i skolen, så eg ser fram til når eg kan setje denne teorien ut i praksis.

Med desse fagkunnskapane og eit godt auge for fagdidaktikken håper eg at eg er klar for å undervise i skolen. Kanskje eg også kan klare å vidareformidle at norskfaget ikkje treng å vere så tungt og keisamt som mange elevar trur.

 

God lesing, helsing Tone Evant.


 

[1] Prosessorientert skriving