Kva er substantiv?

 

Substantiv er den ordklassen som set namn på noko.

Det kan være fellesord eller særnamn.

 

Fellesnamn:

Ord du kan setje artiklane ein, ei eller eit framfor.

Eks.: Ein gut, ei jente, eit hus.

 

Særnamn:

Namn på menneske, stader osv. Dette gjeld alle namn du skriv med stor forbokstav.

Eks: Tone, Noreg, Panasonic.

 

 

Kjønn:

De fleste substantiva har same kjønn på bokmål og nynorsk.

Artiklane i nynorsk er;        ein, ei, eit.

 

Bøying:

Eit substantiv kan ha fire former. Det kan bøyast i eintal og fleirtal og i ubestemt og bestemt form.

 

Nokre hjelpeord:

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ein, ei et

den, det

fleire

alle

ein skole

den skolen

fleire skoler

alle skolane

et hus

det huset

fleire hus

alle husa

 

Reglar for substantivbøying i norsk sidemål

 

Hankjønn:

Dei fleste hannkjønnsorda får – ar og – ane i fleirtal:

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ein gut

guten

gutar

gutane

ein skole

skolen

skolar

skolane

 

Ord som ender på – nad eller – a får – er og – ene i fleirtal:

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ein søknad

søknaden

søknader

søknadene

ein bunad

bunaden

bunader

bunadene

 

 

 

 

ein opera

operaen

operaer

operaene

ein sofa

sofaen

sofaer

sofaene

 

Nokre ord får omlyd, og dei bør du leggje merke til.

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ein son

sonen

søner

sønene

ein far

faren

fedrar

fedrane

 

 Hokjønn:

 De fleste hokjønnsorda får – er og – ene i fleirtal.

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ei jente

jenta

jenter

jentene

ei skål

skåla

skåler

skålene

 

 Ord som ender på – ing eller – ning får – ar og – ane i fleirtal:

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ei hending

hendinga

hendingar

hendingane

ei meining

meininga

meiningar

meiningane

 

 Noen hokjønnsord får omlyd i fleirtal. Bruk ordboka.

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ei mor

mora

mødrer

mødrene

ei dotter

dottera

døtrer

døtrene

 

Inkjekjønn:

 Dei fleste inkjekjønnsorda blir slik bøygt.. Legg merke til at det er inga ending i ubestemt form fleirtal.

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

eit menneske

mennesket

menneske

menneska

eit problem

problemet

problem

problema

 

 Noen fremmendord kan ha uregelrett bøying:

Eintal

Fleirtal

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

eit faktum

faktumet

fakta

fakta

eit medium

mediet

medium

media

 

Et siste tips:

Bruk ordboka kvar gong du er usikker.